-
Central Norway Regional Health Authority

IKT-konsulent - Pasientadministrative rutiner

Central Norway Regional Health Authority
Norway · Full-time · Mid-Senior

IKT-konsulent - Pasientadministrative rutiner Klinisk IKT, Helse Møre og Romsdal HF

Søk på stillinga (i ny fane)

Om stillinga

Klinisk IKT er ein seksjon i avdeling for E-helse og teknologi i Helse Møre og Romsdal.

Seksjonen har tilsette ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal.

Klinisk IKT-teamet har i dag forvaltningsoppgåver knytt til pasientadministrative rutiner, meldingsflyt mellom primær og spesialisttenesta og journaldokumentasjon i Helseplattformen.

Seksjonen har eit tett samarbeid med dei to andre helseføretaka i Helse Midt-Norge, Hemit og Helseplattformen AS.

Avdelinga sine verdiar er sentrale i korleis vi som seksjon skal ivareta ansvaret/oppgåvene i forvaltninga; Nær, smidig og kompetent.

Klinisk IKT-teamet sine konsulentar og rådgjevarar er viktige bidragsytarar og sentrale i den framtidige forvaltninga av Helseplattformen.

Vi ber om at vitnemål og attestar vert skanna inn som vedlegg til CV.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist

06.07.2025

Arbeidsgivar

Helse Møre og Romsdal HF

Stad

Ålesund

Stillingstittel

IKT-konsulent - Pasientadministrative rutiner

Stillingar

1

Heiltid / Deltid

Heiltid

Tilsetjingsform

Fast

Stillingsprosent

100

Webcruiter-ID

4960980740

Startdato

01.09.2025

Sosial Deling

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Tilegne seg innsikt i området "Pasientadministrative rutiner" i Helseplattformen
  • Vere ein av Helse Møre og Romsdal sin fremste ressurs innanfor meldingsflyt mellom primær og spesialisthelsetenesta
  • Opplæring av superbrukarar/sluttbrukarar
  • Delta og drive endringsarbeid der pasientadministrative rutiner er en del av arbeidsprosessen
  • Brukarstøtte til klinikkane
  • Diverse forvaltningsoppgåver knytt til systema
  • Kompetanse, erfaring og interesse kan gi opning for andre oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær
  • God kjennskap til pasientadministrative arbeidsflytar/rutiner i sjukehus
  • Erfaring i handtering av meldingsflyt mellom primær og spesialisthelsetenesta
  • Tidlegare erfaring med bruk av PAS/MW2PAS/ DocuLive er ein fordel
  • Erfaring med bruk av Excel og PowerPoint
  • Relevant utdanning/erfaring innan IKT

Personlege eigenskapar

  • Identifiserer deg med våre verdier; Nær, smidig og kompetent
  • Er positiv og har gode samarbeidsevner
  • Tør å utfordre deg sjølv og er nysgjerrig
  • Er målretta og ansvarsfull, og må kunne arbeide sjølvstendig
  • Er nøyaktig og liker orden
  • Har god evne til å formidle skriftleg og munnleg
  • Har evne til å takle utfordringar og omstillingar

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Adresse: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Silje Johanne Farstad

Seksjonsleiar

Telefon: +47 97745150

E-post: [email protected]

Om arbeidsgivaren

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Forside - Helse Møre og Romsdal

Key Skills

Ranked by relevance

excel
Login to Apply
Posted
Jun 23, 2025
Type
Full-time
Level
Mid-Senior
Location
Ålesund

Industries

Hospitals Health Care

Categories

Information Technology

Related Jobs

3 roles aligned with this opportunity

View all jobs
View Job Details
Candid Health
Related

Front End Software Engineer

2026-07-08

Full-time
Not Applicable
United States
Hospitals
Engineering
View Job Details
SoTalent
Related

DevOps Engineer

2026-07-07

Full-time
Mid-Senior
Poland
Hospitals
Engineering
View Job Details
NHS England
Related

Cyber Security Advisor

2026-07-07

Full-time
Not Applicable
United Kingdom
Hospitals
Information Technology